Quantcast
Channel: Strikkeblogger | Norsk Strikkeblogg oversikt » Nøstebarn
Viewing all articles
Browse latest Browse all 102

Hentesett med bølgejakke og romper

$
0
0
Eit hentesett skal vera litt spesielt, det syns i alle fall eg! Når ei venninne av meg skulle bli tante og ville eg skulle strikke for ho, tenkte eg å sette saman ein fin kombinasjon av plagg til eit hentesett. 

Valget fall på bølgejakka frå Dalegarn, den er berre så utrulig fin! Til denne valgte eg å strikke ein romper med egen vri, samt lue og lange sokkar som stod i stil. 


Samtlige plagg fekk denne gong ein egen vri, og er derfor heilt unike! Jakka endra eg øvre del på kor flettene er. I utgangspunktet skulle det vere ein anna type flette, men for å få mønsteret i stil med resten av sette valgte eg å lage ei vanlig flette over 4 masker. Eg likar også denne type flette betre enn originalen, så då blei det slik! Jakka blei strikka i størrelse 2-4 mnd, men for at ho ikkje skulle bli for stor til ein nyfødt strikka eg jakka på pinne 2. Eg syns resultatet blei akkurat som eg hadde sett for meg:

Mønster: Hentesett frå Dalegarn hefte 277 med egen vri
Størrelse: 2-4 mnd (nyfødt)
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 2
Garnforbruk: 89g

Sjølvsagt måtte settet få ein romper! Valget fall på romperen frå "Den store guttestrikkeboka", men det måtte til nokre eigne tilpasningar. Eg valgte å strikke den i glattstrikk med fletter langs sidene. Flettene går også her over 4 masker. 


Mønster: Babydrakt frå Den store guttestrikkeboka med egen vri
Størrelse: 3 mnd (nyfødt)
Garn: Sandnes babyull
Pinne: nr. 3
Garnforbruk: 42g

 

Eg benyttet som mange gonger før oppskrifta fra på enkel babylue frå Nøstebarn. Denne har eg tilpassa slik at det passar til bølgemønsteret, og pyntet med silkebånd.

Mønster: Lettstrikka babylue frå Nøstebarn med egen vri
Størrelse: 0-3 mnd.
Garn: Sandnes babyull
Pinne: nr. 2,5
Garnforbruk: 20g




Ettersom det nærmar seg vinter kan det bli litt kaldt med ein romper på ein liten kropp, derfor måtte det lange sokkar til. For å få sokkar som stod i stil måtte eg nesten ha fletter på. Eg endte då opp med å strikke "Vottesokken" frå Myk Start boka, kor eg strikka dei i glattstrikk med ei flette på kvar side. Også denne gong flette over 4 masker.

Mønster: Vottesokken frå Myk start meg egen vri
Størrelse: 0-2 mnd.
Garn: Sandnesgarn Babyull
Pinne: nr. 2,5
Garnforbruk: 24g








Viewing all articles
Browse latest Browse all 102


<script src="https://jsc.adskeeper.com/r/s/rssing.com.1596347.js" async> </script>