Kva gjer du når den fine kjoletunikaen ikkje går lengre ned i størrelse enn 1 år, og du kunne tenkt deg å strikke ein mini ein? Joda, då er det berre å prøve seg fram og håpe på det beste! Eg snakkar sjølvsagt om den søte Elvira-kjolen, og det er veldig synd at denne ikkje fins i mindre størrelse enn 1 år. Fiona derimot, som er laga av same dame, går ned til 3-6 mnd. Så eg satte i gong med å forminske Elvira-kjolen med utgangspunkt i Fiona. Det blei ein kjole ut av det, men om størrelsen er riktig er vanskelig å sei for ei som er babylaus. Løysningen var derfor å inkludere kjolen i barselgåva, og hinta om at eg VELDIG gjerne vil ha tilbakemelding på størrelsen. Venter spent på svar!
![]() |
Fargen var vanskelig å få fram på bilete, men den er lys gul |
Eg er jo veldig glad i sett, så eg måtte jo finne ei lue til. Valget fall på, surprise surprice, lettstrikka babylue! Målet var å få noko av mønsteret på kjolen inn i lua, men eg ville ikkje overdrive, så det blei med dei to hullradene. Fornøyd!
Lettstrikka lue med Elvira-vri |
![]() |
Mønster: Elvira Pinne: nr. 2,5 og 3 Garn: Babyull Størrelse: 3-6 mnd (?) Garnforbruk: ca 2 nøster |